Gå til innhold
MinID
Nettstedskart
Tjenester fra A til Å
Standard  Stor
 
 

Vidda Vinn 2012

03.02.2012
Formidling i fokus i Vidda Vinn. I 2012 styrkjer Vidda Vinn satsinga på kunnskapsrike formidlingar gjennom "Guidekorps Øvre Telemark" og testing av guida turar i Vinje og Tinn. Satsinga på tilrettelegging av turvegar held fram.

Guidekorps Øvre Telemark  

Guidekorpset er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest-Telemark Museum (VTM), Norsk Industriarbeidermuseum (NIA), Sogelandet og Vidda Vinn. Hovudmålet er å bygge opp og organisere eit guidekorps for Øvre Telemark med guidar innan kultur, forteljarkunst, natur og underhaldning. Prosjektet er ein pilot der erfaringane kan overførast til andre delar av fylket og landet. Ta kontakt med prosjektleiar Hege Ravdal på Vest-Telemark museum om du er interessert i å bli med i guidekorpset, eller berre vil vite meir: tlf. 3506908,mob. 41659624, e-post: hr@vtm.no

Tilrettelagde turvegar  

Dei tilrettelagte turvegane er populære! I 2011 skreiv over 4200 personar seg inn i turbøkene på Solstien ved Krossobanen, Kvennavegen på Mogen og Falkeriset på Rauland. Vidda Vinn er i gang med tilrettelegging av 5 av 6 turvegar, og held fram satsinga på dette i 2012.  Abeidet med steinsetjing av stigen på Falkeriset på Rauland startar opp att i midten av juni. Anleggsarbeidet på turvegen i Vågslid er planlagt ferdig i løpet av sommaren. Solstien på Rjukan har offisiell opning med folkefest på Gvepseborg i juni.    

Meir informasjon  

For meir informasjon om prosjektet, kan du laste ned pdf om Vidda Vinn, følge oss på Facebook eller ta kontakt med prosjektleiar Guro Lien, tlf. 350 62 386, mob. 957 46 681 eller guro.lien@vinje.kommune.no

Følg Vidda Vinn på Facebook

Les om Vidda Vinn her

Publisert:
03.02.2012
Skriv ut